Kronborg slott
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
- Sjå òg bydelen Kronborg i Malmö
Kronborg er eit slott som ligg kring 1 km nordaust for Helsingør sentrum på Sjælland i Danmark. Det vart i 2000 teke med på UNESCO si liste over verdsarv. Grunngjevinga var at slottet vart sett på som eit eineståande døme på eit renessanseslott som har hatt stor tyding for Nord-Europa opp gjennom historia.
Fredrik II av Danmark-Norge lét byggja om mellomalderborga Krogen i 1574 og 1585 til Kronborgs slott. Bygget ligg ytst på Sjælland, der Øresund er som smalast.
Slottet er mest kjend for at William Shakespeare sitt skodespel Hamlet utspelar seg i «Elsinore» (Helsingør). For mange turistar er Kronborg difor «Hamletslottet».
[endre] Bakgrunnsstoff
- Kronborg (dansk) på http://www.kronborg.dk
- Kronborgs Slott i Helsingør
- UNESCO World Heritage Centre - Kronborg Castle
[endre] Sjå òg
- Øresundstollen