Bryggen i Bergen
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bryggen i Bergen, eller Tyskebryggen, omfattar dei gamle hanseatiske trebygga i det sentrale Bergen. Det er til saman 61 freda bygg. Bryggen er teke med på UNESCO si liste over kulturarven i verda.
Bryggen var frå 1350 til 1754 sete for Det tyske kontor i byen og det sentrale knutepunktet for den hanseatiske handelsverksemda i Noreg.
Mariakyrkja i Bergen hadde lenge gudstenester på tysk, og ei tid var ho kyrkja til hanseatane.
Hanseatisk museum ligg på Bryggen, ved fisketorget, og fortel historia om Bergen og hanseatane.
[endre] Bakgrunnsstoff
- Helle, K. m.fl.: Bryggen: hanseatenes kontor i Bergen (Det Hanseatiske museums skrifter, 23)
- Herteig, A.E.: Bryggen i Bergen
- Koren-Wiberg, C.: Det tyske Kontor i Bergen: Tegninger med Beskrivelse