Det indiske havet
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Det indiske havet eller Indiahavet er det tredje største verdshavet. Det grenser til Stillehavet, som er det største, og til Sørishavet. Det indiske havet grenser mot landområde i Afrika, Asia og Australia.
Innhaldsliste |
[endre] Utstrekking
Havet har ei flatevidd på 68 556 millionar km², og dekker om lag ein femtedel av havflata i verda. Det «mista» ein del i år 2000, då det internasjonale hydrogafilaget tok avgjerda om at Sørishavet skulle nå heilt opp til den 60. sørlege lengdegrada.
[endre] Klima
To monsunar oppstår over Det indiske havet. Nordaustmonsunen dekker Sri Lanka og sør-India og varer frå desember til april. Sørvestmonsunen frå juni til oktober dekker resten av det indiske subkontinentet.
Syklonar oppstår nord i havet i mai-juni og oktober-november, og i januar-februar i den sørlege delen.
[endre] Næring
Havet er ei viktig handelsrute for skipsfarten mellom verdsdelane. Ein driv fiske i nær sagt alle kystområda. Rundt 40 % av all havolje kjem frå Det indiske havet.
På same måte som Middelhavet har Det indiske havet bunde saman landområda som ligg rundt det, sjølv om dei ligg langt frå kvarandre. På grunn av dette vil ein mellom anna finna indisk og arabisk preg på språk og musikk i Aust-Afrika og spor etter afrikansk innvandring i India.
Fire viktige vassvegar gjer adgang til havet: den egyptiske Suezkanalen, Bab el Mandeb utanfor Yemen og Djibouti, Hormuzstredet mellom Iran og Oman, og Malaccastredet mellom Indonesia og Malaysia.
Viktige hamner:
- Chennai (Madras) i India
- Colombo på Sri Lanka
- Durban i Sør-Afrika
- Jakarta i Indonesia
- Kolkata (Calcutta) i India
- Melbourne i Australia
- Mumbai (Bombay) i India
- Richards Bay i Sør-Afrika
[endre] Namn
Det indiske havet har fått namn etter India, som igjen har fått namnet frå Induselva, som renn ut i havet.