Etikk
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Etikk er studiet av moralske verdiar. Viktige spørsmål i etikken er til dømes: "Kva er ei god handling?" og "Kva skal eit menneske gjera når det står overfor eit moralsk val?" Det finst ulike etiske teoriar som legg vekt på ulike ting når menneske skal avgjera korleis dei skal handla:
- Me bør utvikle dygder, som det å vera ærleg, rettvis og modig (dygdsetikken).
- Me bør skapa mest mogleg lykke for flest mogleg menneske (eller alle levande skapningar) (utilitarismen).
- Me bør laga oss faste prinsipp og utvikla ei pliktkjensle slik at me handlar i samsvar med prinsippa våre (pliktetikken).