Johan Nordahl Brun
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Johan Nordahl Brun (fødd 21. mars 1745 i Trondheim – død 26. juli 1816) var ein norsk diktar.
Som student i København var han ein av frontfigurane i Det Norske Selskab. Han var prest frå 1774 og vart biskop i Bergen i 1803.
Brun var ein av dei viktigaste norske salmediktarane på den tida og skreiv mellom anna påskesalmen «Jesus lever, Graven brast». Han er også mannen bak Noregs fyrste (uoffisielle) nasjonalsong, «For Norge, Kiempers Fødeland», og «Udsigter fra Ulriken», bysong til Bergen.
Han har fått gater kalla opp etter seg i fleire norske byar, mellom anna i Bergen, Oslo, Drammen, Lillestrøm og Kongsberg.
[endre] Lenkjer ut
- Tekstar av Johan Nordahl Brun hjå Dokumentasjonsprosjektet
- Visitasprotokoll for Johan Nordahl Brun hjå Digitalarkivet
Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han. | |
Sjå òg: Oversyn over spirer. |