Kongsberg
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Våpen | Kart |
---|---|
Grunnleggjande opplysningar | |
Kommunenr: | 0604 |
Fylke: | Buskerud |
Administrasjonssenter: | Kongsberg |
Flatevidd: | 792 km² |
Folketal: | 23 154 (2004) |
Målform: | Bokmål |
Internettside: | www.kongsberg.kommune.no |
Politikk | |
Ordførar: | Vidar Lande (Ap) 2003-2007 |
Kongsberg er ein bykommune i Buskerud. Byen ligg langs Numedalslågen nedst i Numedla, og er ein gammal bergstad. Kommunen grensar i nord til Flesberg, i aust mot Øvre Eiker og Hof, i sør mot Skien, Siljan og Lardal, og i vest mot Notodden og Sauherad kommunar. Kongsberg er den kommunen i Buskerud som ligg lengst mot sør.
Innhaldsliste |
[endre] Flatevidd og folkesetnad
I 1964 vart Kongsberg, Øvre Sandsvær, Ytre Sandsvær, Jondalen i Flesberg og Øvre Jondalen i Gransherad slege saman til den nye Kongsberg kommune. Kommunen har ei flatevidd på 792,0 km², og hadde den 1. januar 2004 23 154 innbyggjarar. Dei fleste av innbyggjarane bur i tilknytting til bykjerna, eller i områda kring. Heistadmoen, Skollenborg, Hvittingfoss og Passebekk er døme på stadnamn i området kring.
[endre] Historie
Kong Kristian IV grunnla byen Konningsberg og eit kongeleg sølvverk i 1624 etter at ein hadde funne sølv der. Det var visstnok barna Jacob Grosvold og Helga Værp som oppdaga sølvet ein sommardag dei var ute og geita eit år tidlegare. Til Kongsberg Sølvverk henta kongen tyskarar frå sølvgruvene i Sachsen og Harz. I tillegg kom det tyskarar frå andre gruver i Noreg.
Folketalet vaks raskt, og Kongsberg var på eitt tidspunkt den nest største byen i Noreg etter Bergen. Innbyggjartalet både auka og minka i takt med ned- og oppgangstider i sølvverket.
Kongsberg hadde den første høgskulen i Noreg, som òg var den første i Europa innan bergverk. I dag har byen ein høgskule i tillegg til videregående skular og grunnskular.
[endre] Utdanningsinstitusjonar
[endre] Verd å vitja
Museum
- Norsk Bergverksmuseum
- Lågdalsmuseet
- Kongsberg kyrkje
Kultur
- Kongsberg Jazzfestival.
[endre] Lenkjer ut
- Kongsbergnett
- Lokalavisa Laagendalsposten
- Norsk Bergverksmuseum]
- Kultur i Kongsberg kommune på kart frå Kulturnett.no
|