Ringerike
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Våpen | Kart |
---|---|
Grunnleggjande opplysningar | |
Kommunenr: | 0605 |
Fylke: | Buskerud |
Administrasjonssenter: | Hønefoss |
Flatevidd: | 1553 km² |
Folketal: | 28 060 (2004) |
Målform: | Bokmål |
Internettside: | www.ringerike.kommune.no |
Politikk | |
Ordførar: | Kolbjørn Kværum (Ap) 2003-2007 |
Ringerike er ein bykommune i Buskerud fylke. Hønefoss er kommunesenter, og nesten halvparten av innbyggjarane i kommunen bur her. Andre tettstedar er Tyristrand, Sokna, Hen og Hallingby.
[endre] Geografi
Ringerike strekker seg frå Oslomarka i søraust til åsane mot nedre Hallingdal i nordvest, og i Ådalen til nord for innsjøen Sperillen.
Kommunen er eit trafikk-knutepunkt der vegar som E-16, Rv. 7 og Rv. 35 og jarnbanelinjer som Bergensbanen, Randsfjordbanen og Roalinja møtar kvarandre.
[endre] Historie
Namnet Ringerike er sett saman av dei norrøne orda Hringr (ring) og Riki (rike eller landskap). Dette namnet er blitt brukt sidan ein byrja å skriva norsk historie.
I 1964 blei dei tidlegare kommunane Hole, Norderhov, Tyristrand, Hønefoss og Ådal del av Ringerike kommune. Hole vart sidan ein eigen kommune igjen.
[endre] Næringsliv
Ringerike er den største jord- og skogbrukskommunen i eit fylke der dei fleste kommunane driv med desse næringsvegane. Dei viktigaste industrigreinene er treforedling (Norske Skogindustrier, Follum og Huhtamaki), betongproduksjon (Spenncon og Unicon), mekaniske verkstadar og kartproduksjon (Statens kartverk).
|