Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Røyken er ein kommune i Buskerud fylke og ligg på halvøya Hurumlandet. Kommunen grensar i nord til Lier og Asker og i sør til Hurum. Vest for Drammensfjorden ligg Svelvik kommune. Tettstader i kommunen er Hyggen, Røyken, Spikkestad, Slemmestad, Nærsnes, Båtstø og Åros.
Kommunen har noko småindustri i Slemmestad og Spikkestad, elles jord- og skogbruk. Flygeleiarsentralen for austlandet ligg i Røyken, men er foreslått lagd ned. Det er korte avstandar til Drammen og Oslo, mange av innbyggjarane arbeidar difor på denne strekninga. Det er buss-samband til begge byane, dessutan lokaltog til Oslo om Asker, og båt frå Slemmestad til Oslo.
Kyststien langs med Oslofjorden er ein tursti lagt til rette for fotturistar. Det er også Oldtidsvegen, den gamle ferdselsvegen frå Slemmestad til Gullaug i Lier.
[endre] Kjende røykenbøringar
- Partileiaren Anders Andersen
- Forfattaren Wera Sæther
- Journalisten Bjørge Lillelien
- Musikar Rolf «Mulen» Karlsen
[endre] Bakgrunnsstoff