Longyearbyen
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Våpen | Kart |
---|---|
Basisdata | |
Lokalstyre: | Longyearbyen |
Administrasjonssenter: | Longyearbyen |
Flatevidd: | 242,86 km² (det samla landarealet til planområdet) |
Folkemengd: | 1600 (2004) |
Internettside: | Longyearbyen lokalstyre |
Politikk | |
Leiar: | Bjørn Fjukstad, Ap |
Nestleiar: | Ellen Lian, H |
Regjerande parti: | Ap, H |
Longyearbyen er administrasjonssenteret på Svalbard og har over 1 600 innbyggjarar. I 2001 utførte folk busett i Longyearbyen over 1 300 årsverk. I 2006 er det feiring av at byen er 100 år. 10. juni 2006 vert rekna som sjølve jubileumsdagen. Då er det hundre år sidan arbeidarar frå the Arctic Coal Company kom til området med material til det som skulle verta dei første overvintringsbustadene.
Innhaldsliste |
[endre] Samfunnsstruktur
Longyearbyen var tidlegare eit mannsdominert gruvesamfunn, men har dei siste åra utvikla seg i retning av ein 'normal' fastlandsby med ein stadig større del kvinner og barn. Byen har eigne barnehagar, egen skole og au ein videregåande skole. Framleis er det trass i dette ein mindre del barn, ungdom og eldre enn på fastlandet, der nesten annakvar innbyggjar er under 20 eller over 65 år. På Svalbard utgjer innbyggjarane under 20 eller over 65 år berre kring 25 % av innbyggjarane.
Dei norske på Svalbard er registrert i Folkeregisteret i sine 'heimkommunar' på fastlandet. I desse kommunane har dei alminneleg røysterett ved val.
Om lag halvdelen av dei som bur i Longyearbyen har heimkommunar i dei fire nordlegaste fylka. Det er populært å søkja seg til Svalbard, og dei yrkesaktive er særs godt kvalifiserte.
Frå 1. januar 1995 vart det oppretta eit eige folkeregister for Svalbard. Ved innreise til og avreise frå Svalbard i tillegg til ved intern flytting på Svalbard, plikter alle å melda frå til registeret. Arbeidsgjevarar har plikt til årleg å senda Svalbard Likningskontor eit oversyn over tilsette som bur på Svalbard.
[endre] Historie
Tettstaden vart oppretta i 1906 av John Munroe Longyear (1850–1922). Han var den største eigaren i gruveselskapet The Arctic Coal Company. Selskapet hadde hovudkvarter i Boston i Sambandsstatane. Gruvene og tettstaden vart i 1916 kjøpt av Store Norske Spitsbergen Kulkompani.
Longyearbyen vart øydelagd av tyske styrkar den 8. september 1943 og bygd opp att etter andre verdskrigen. I 2006 blir 100-årsjubileet feira på fleire måtar.
[endre] Gruvedrift
I dag er det kun drift i ei gruve i Longyearbyen, Gruve 7. Gruva ligg nesten ei mil aust for byen, og kolet blir transportert med lastebil til hamna i Longyearbyen. Gruva er fullstendig mekanisert, den siste gruva som blei drivi for hand, Gruve 3, blei stengd på 1990-talet. Gruve tre er nå staden for Nordens genbank.
[endre] Høgare utdanning
Hausten 1993 blei Universitetsstudia på Svalbard (UNIS) starta opp. UNIS har seinare bytta namn til Universitetssenteret på Svalbard, og har sia starten ikkje vori eit sjølvstendig universitet, men drivi som ei stifting av universiteta i Oslo, Bergen, Trondheim og Tromsø. Her kan studentar ta utdanning på mellomfag- og masternivå i aktisk biologi, arktisk geologi, arktisk geofysikk og arktisk teknologi. UNIS har ein høg internasjonal profil, og alle kurs er tilbode på engelsk dersom ein student ikkje forstår norsk. Talet på studentar er aukande, og om lag halvparten er frå Noreg. Av dei utanlandske er over halvparten frå Norden. I 2005 blei UNIS-bygget utvida til over dobbel storleik og omgjort til ein del av Svalbard forskningspark. Forskningsparken skal opnast offisielt 26. april 2006.
[endre] Media
- Svalbardposten er gitt ut sidan 1948. I 2006 kjem han ut kvar fredag, 50 utgåver i året. Redaktøren blir tilsatt på åremål, og i 2006 har Birger Amundsen denne stillinga. Avisa har fleire abonnentar på fastlandet enn på Svalbard, og blir trykt i Tromsø.
- Longyearbyen TV er kabel-TV-selskapet i Longyearbyen. Pr. januar 2006 er selskapet stengt av Post- og teletilsynet på grunn av manglande autorisasjon.
[endre] Helsestell
Longyarbyen sjukehus blei 1. januar 2002 ei avdeling ved Universitetssjukehuset Nord-Noreg. Det har primær- og spesialisthelsetenester, tannlege, fysioterapi, bedriftshelseteneste og jordmor/helsesøster. Svangerskaps- og eldreomsorg blir ikkje gjeve på Svalbard og fødslar skjer på fastlandet.
[endre] Turistnæring
Saman med høgare utdanning er turistnæringa ei vekstnæring i Longyarbyen.
[endre] Bakgrunnsstoff
- Longyearbyen lokalstyre
- Svalbardposten
- Longyearbyen i hundre www.nrk.no
- Longyearbyen foto
- Kart over Longyearbyen
- Topografisk kart over Longyearbyen Svalbard Samfunnsdrift AS
- UNIS (engelsk)
- Denne artikkelen var utvald og presentert som vekas artikkel på hovudsida i 2006.