Raoul Wallenberg
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Raoul Gustaf Wallenberg, fødd 4. august 1912 i Stockholm, truleg myrda den 17. juli 1947 i Moskva. Wallenberg var son av underløytnant Raoul O. W. og kona Maria (Maj), fødd Wising. Slekta Wallenberg har vore ei drivande kraft mellom anna innan svensk bankvesen og industri. Wallenberg var ein svensk diplomat, og leia ein redningsaksjon for jødar i Ungarn frå 1944 til 1945.
Innhaldsliste |
[endre] Familiebakgrunn
Faren døydde av kreft tre månadar før Raoul vart fødd, og moren gifta seg på nytt med Fredrik von Dardel i 1918, då Raoul var seks år gamal.
Nokre gonger vert slekta Wallenberg omtala som jødisk. Bakgrunnen til denne omtala kan vera at Raoul Wallenberg si mormor var av slekta Benedicks. I likskap med Wallenberg hadde denne slekta som mål å investera og samla opp kapital. Enkelte gonger vert det rekna som ein eigenskap ved jødar at dei samlar opp rikdomar.
Tanken var at Raoul skulle fylgja familietradisjonen og verta bankdirektør. Det synte seg at han var meir interessert i arkitektur. Han gjekk ut av gymnaset i 1930 med høge karakterar i teikning og russisk språk. Etter at han hadde avtent verneplikta reiste han til Frankrike for å studera fransk språk. Frå før kunne han godt tysk, russisk og engelsk. Etter opphaldet i Frankrike reiste han til USA og Universitetet i Michigan for å studera arkitektur, der han avslutta 4 ½-årsprogrammet på 3 ½ år. I 1935 var Raoul i Sør-Afrika i 6 månadar og arbeidde for eit svensk byggefirma. Etter det fekk han tilsetting på eit hollandsk bankkontor i Haifa, Palestina. Der møtte han jødar som hadde klart å flykta frå Nazi- Tyskland. Då han kom heim til Sverige arbeidde han for Koloman Lauer, ein jøde frå Ungarn, på Centraleuropeiska Handelskompaniet. Wallenberg fekk høyra mange skildringar som fekk han til å reisa til Budapest sommaren 1944 for å redda jødar.
[endre] Reningsaksjonar i Ungarn
19. mars 1944 invaderte nazistane Ungarn. Den 14. mai same år vart dei fyrste jødane sende til konsentrasjonsleiren Auschwitz sør i Polen. Raoul Wallenberg hadde høyrt historiar i både Sverige og Palestina om korleis jødane vart handsama i Europa.
Koloman Lauer, som var i Ungarn og hjelpte jødar, ville at den då 31 år gamle Raoul skulle komma till Ungarn og hjelpa til. Den 8. juli 1944 reste Raoul til Budapest. 437.402 jødar hadde då allereie vorte sendt av garde i 148 godstog. Det fanst berre att jødar i sjølve Budapest, alle på landsbygda var tekne. Det var 230.000 att, men dei fleste hadde gjeve opp vona.
Raoul, Koloman, Per Anger og mange andre delte ut såkalla Schutzpass (tysk for "tryggleikspass") til jødane. På passa stod det "Svédország", som tyder Sverige på ungarsk. I midten var det svenske rikssymbolet tre kronor. Tre krone symbolet vart nytta for å vekka respekt som eit offisielt symbol. Alle jødar som fekk dei "svenske" passa kunne ta bort jødestjernene sine frå jakkane. Raoul Wallenberg delte ut veldig mange schutzpass, og mange jødar vart redda.
Ei gong vart eit tog med 1600 jødar stogga og sendt attende. Adolf Eichmann, SS-leiaren i Budapest, kunne berre venta på at toga skulle setja i gong igjen. Ungarn sin diktator, Miklós Horthy, sa den 15. oktober 1944 til Sovjetunionen at han var viljug til å slutta fred. Tyskarane tvang Horthy til å gå av. I staden vart Ferenc Szálasi sett inn som leiar for Ungarn. Eichmann kom attende og byrja igjen med vekksending av jødar. Ingen tog fanst att og i staden vart jødane tvungne til å gå den 200 km lange vegen til Austerrike. Mange svalt i hjel og vart torturert til døde av tyskarane. Mange hengde seg sjølv eller vart hengde i tre. Nokre tok livet av seg ved å drukna i elva Donau eller fraus til døydde. Marsjen har vorte kalla ein dødsmarsj. Raoul Wallenberg prøvde å fylgja med og delte ut mat og schutzpass til jødane. Han tok dei med pass ut av marsjen og redda slik om lag 2000 personar.
Ved eit høve truga SS-generalen Gerhard Schmidthuber med at han skulle setja i gong ein massakre i ein av jødegettoane i Budapest. Då trua Raoul med at Scmidthuber skulle verta hengd etter krigen. Slik vart 69.000 jødar redda.
Den 13. januar 1945 nådde sovjetiske styrkar Budapest. Då fanst det 120.000 jødar att i Ungarn. Den 17. januar ville Raoul fylgja med russarene til deira hovudkvarter i Debrecen, ein by aust for Budapest. Til dei han samarbeidde med sa han at han ikkje var trygg på om han ville vera gjest eller fange. Om han kunne koma attende skulle han koma innan åtte dagar.
Raoul og sjåføren Vilmos Langfelder vart arrestert av det sovjetiske NKVD. NKVD var føregjengaren til etterretningsorganisasjonen KGB. Dei vart sett i Lubjanka-fengselet i Moskva. Ein kan ha trudd at Wallenberg var spion for USA. Truleg døydde Wallenberg av hjertinfarkt den 17. juli 1947. Trass i dette har fangar rapportert om at han skulle leva ut på 1950-talet.
[endre] Kuriosa
Raoul Wallenberg si systerdotter, Nane Lagergren, er gift med dei sameinte nasjonane sin generalsekretær, Kofi Annan.
-- Literatur --
Berger, Susanne (2005; "Stuck In Neutral: The Reasons Behind Sweden's Passivity in the Raoul Wallenberg Case"; www.raoul-wallenberg.asso.fr