Radioaktivitet
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Radioaktivitet er ei nemning som kan visa til ioniserande eller radioaktiv stråling, eller til den spontane utsendinga av slik stråling frå visse stoff.
Fenomenet blei oppdaga tilfeldig av Henri Becquerel i 1896. Han hadde pakka inn kaliumuranylsulfat i fotografiske plater og svart materiale før eit eksperiment innan fosforescens. Då han skulle utføra eksperimentet såg han at dei fotografisk platene alt var blitt eksponerte, sjølv om dei hadde lege i mørkre. Becquerel forfølgde oppdaginga og fann ut at det innpakka stoffet sende ut stråling. Fenomenet blei sidan kalla radioaktivitet av to andre pionerar innan feltet, Pierre og Marie Curie.
Innhaldsliste |
[endre] Radioaktive stoff
Stoffet som hadde send ut radioaktiv stråling i Becquerel sitt tilfelle var uran. Seinare oppdaga ekteparet Curie to nye radioaktive grunnstoff, radium og polonium. Vidare forsking har vist at nokre stoff har høg radioaktivitet medan andre har svært liten. Dette har å gjera med korleis atomkjernen deira er bygd opp.
Nøytron og proton i atomkjerner er haldne saman av ulike krefter, med sterk kjernekraft, elektrostatisk kraft som dei sterkaste, og i tillegg svak kjernekraf og gravitasjonskraft. Desse kreftene verker i eit samspel som kan vera ustabilt ved at kjernepartiklane kan "falla" inn i eit anna samspel med lågare energi, noko som vil føra til at dei sender ut radioaktiv stråling.
Visse grunnstoff og isotopar av grunnstoff har ustabile kjerner som lett sender ut radioaktiv stråling. Dette gjeld særleg kjerner som er tunge, fordi dei anten har eit høgt atomtal eller fordi dei inneheld mange nøytron. Medan dei radioaktive stoffa ein oppdaga først var av det førstnemnde slaget har ein sidan funne radioaktive isotopar også av lette grunnstoff, som hydrogenisotopen tritium, som har eitt proton og to nøytron i kjerna.
[endre] Radioaktivitet og liv
Radioaktiv stråling kan skada menneske og dyr, til dømes ved å skada eller drepa celler, eller ho kan skada arvestoffet, noko som aukar faren for kreft og som av og til kan førast vidare til avkom. Bakgrunnsstråling frå verdsrommet, sola og diverse kjelder på jorda, særleg radongass, gjer at alle får i seg noko radioaktiv stråling. Om strålinga fører til varige skader eller ikkje, er tilfeldig, men sjansen aukar for negative verknader jo høgare stråledosar ein får i seg.
Å vera i kontakt med radioaktive stoff over lang tid er i dag rekna som svært farleg, og det finst grenser for kor høge stråledosar ein meiner er forsvarlege å få i seg. Å bli utsett for store strålingsmengder kan i tillegg til dei negative langtidseffektene føra til akutte plager, som strålesjuke.
[endre] Sjå òg
- Atomkraftverk
- Grunnstoffliste
- Isotop
- Isotoptabell
- Karbondatering
- Kjernekraft
- PET
- Radioterapi (strålingsterapi)
- Røykvarslar
- Slumptal
- SPECT
- Tsjernobyl
[endre] Kjelder
- http://en.wiktionary.org/wiki/radioactivity
- en:Radionuclide
- en:Henri Becquerel
- en:Ionizing radiation
- radioaktivitet