Giske
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Våpen | Kart |
---|---|
Grunnleggjande opplysningar | |
Kommunenr: | 1532 |
Fylke: | Møre og Romsdal |
Administrasjonssenter: | Valderøy |
Flatevidd: | 40 km² |
Folketal: | 6 630 (2006) |
Målform: | Nynorsk |
Internettside: | www.giske.kommune.no |
Politikk | |
Ordførar: | Knut Støbakk (KrF) 2003-2007 |
Giske kommune er ein øykommune på Sunnmøre i Møre og Romsdal, rett vestom byen Ålesund. Kommunen består av dei to flate øyane Giske og Vigra, og to meir ulendte, Godøy og Valderøy. Kommunesenteret ligg på Valderøy, medan Vigra er den største øya. Hovednæringar i kommunen er fiske og jordbruk, fiskeoppdrett og noko mekanisk industri.
Innhaldsliste |
[endre] Historie
Skjonghellaren på Valderøy er eit verdifull fortidsminne med avleiringar som mellom anna viser korleis den magnetiske Nordpolen har endra seg. Ein har òg funne restar av fuglar og dyr som er om lag 30 000 år gamle. Ein har òg funne 10 000 år gamle spor etter menneske.
Øyane har òg fleire minne frå vikingtida. På Giske ligg ein av dei eldste herregardane i Noreg. Han var heimen til den mektige Giske-ætta eller Arnungane frå 900-talet til 1582. Giske kapell, kledd i kvit marmor, vitnar om rikdommen på øya på 1100-talet.
[endre] Kommunikasjon
Det er brusamband mellom Vigra og Valderøy på Gjøsund. Frå Valderøy går ein undersjøisk tunnel til Ålesund (via Kverve, Ellingsøy). Det er bru til Giske frå Valderøy og undersjøisk tunnel frå Giske til Godøy.
Ålesund lufthamn ligg på Vigra.
[endre] Kjende folk frå Giske kommune
- Både Ragnvald Mørejarl (800-talet) og normannarkongen Gange-Rolv (900-talet) var i følgje tradisjonen frå Vigra
- Ragna Marie Blindheim, (1885–1952), lærarinne.
- Bjørn Brusdal (f. 1948), biletkunstnar
- Olaf Leon Roald (f. 1952), biletkunstnar
- Ørnulf Opdahl (f.05.01.44), biletkunstnar, fødd i Ålesund, bosett på Godøya
[endre] Bakgrunnsstoff
|