Sunndal
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Våpen | Kart |
---|---|
Grunnleggjande opplysningar | |
Kommunenr: | 1563 |
Fylke: | Møre og Romsdal |
Administrasjonssenter: | Sunndalsøra |
Flatevidd: | 1700 km² |
Folketal: | 7 323 (2006) |
Målform: | Nøytral |
Internettside: | www.sunndal.kommune.no |
Politikk | |
Ordførar: | Knut Reinset (Senterpartiet) 2003-2007 |
Sunndal er ein kommune på Nordmøre i Møre og Romsdal. Kommunesenter er Sunndalsøra. Kommunen inneheld dei gamle herada Sunndal, Øksendal, Ålvundeid og Ålvundfjord krins av tidlegare Stangvik herad.
Sunndal har ca 7500 innbyggjarar, av dei bur rundt 4500 i tettstaden Sunndalsøra.
I arbeids- og næringslivet i Sunndal er det aluminiumsverket som dominerer, med ca 900 arbeidsplassar. Verket er nyleg (2004) modernisert, samtidig som det feirar 50-års-jubileum. Det er Norsk Hydro som har eigd aluminiumsverket sidan 1980-talet.
Sjølv om tettstaden er bygd opp omkring aluminiumsverket, er Sunndal og ein stor jordbrukskommune og har ein godt utbygd offentleg sektor.
Sunndalsøra er truleg den staden i Noreg som har størst del av bustadene sine i bustadsamvirket.
|