Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hareid er ein kommune og ein tettstad på øya Hareidlandet på Sunnmøre i Møre og Romsdal fylke. Vest på øya ligg Ulstein kommune. Elles er kommunen omgjeven av øykommunane Giske og Sula i nord og aust, og over Vartdalsfjorden av Ørsta.
Dei andre krinsane i kommunen er:
[endre] Verdt å sjå
- Ishavsmuseet i Brandal
- Nasjonalmonumentet ved Overåsanden
- Ved Grimstadvatnet er det observert over 250 fugleartar, og nær 100 artar hekkar der.
[endre] Kjende folk frå Hareid kommune
- Åge Hareide, landslagssjef for herrelaget i fotball.
- Solbjørg Pilskog, (1930– ), sjukepleiar og misjonær.
- Johan H. Grimstad, (1924– ), komponist, lærar, kordirigent, solist og gardbrukar.
- Ivar Grimstad, (1922– ), journalist, lærar, forfattar og kåsør.
- Einar Hareide, (1899–1983), fiskebåtreiar, organisasjonsmann, stortingsrepresentant og partiformann.
- Peter S. Brandal, (1870–1933), selfangstpioner.
- Øystein Orten , forfattar
[endre] På verdsveven