Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Norddal er ein kommune på indre Sunnmøre i Møre og Romsdal. Han grenser til Stordal i nordvest, Rauma i nord og aust, Skjåk i søraust, og Stranda i sør og aust. Tettstader i kommunen er Eidsdal, Fjørå, Tafjord, kommunesenteret Valldal, og Norddal, ei bygd med rundt 200 innbyggjarar.
Kommunen er ein av dei store jordbrukskommunane på Sunnmøre. I kommunen vert det dyrka mellom anna korn, jordbær og aprikos. I kommunevåpenet finn ein att jordbæra. Norddal kommune, og særskilt Tafjord, er kjent for mildt klima og vill og ven natur.
[endre] Kjende folk frå Norddal kommune
- Arne Ruset (1950–), forfattar.
- Inger Aufles, (1941–), idrettskvinne.
- Marta Schumann, (1919–1994), forfattar.
- Martin Linge, (1894–1941), offiser, motstandsleiar og skodespelar.
- Marta Linge, (1888–1980), bondekvinne, organisasjonskvinne, lokalpolitikar og skodespelar.
[endre] Eksterne lenker